Klubbutvikling i Fjordane Flyklubb

Skrevet av George Lundberg

Året 2011 vart eit spesielt år for Fjordane Flyklubb på Bringeland. Tidleg på nyåret datt hangaren ned og øydela det meste av flymateriell som var «trygt» lagra inni. Konsekvensen av dette vart at vårsesongen med flyging på vakre Vestlandet vart svært avkorta. Samstundes tok planlegging og oppbygging av hangar, samt kjøp av nytt fly, svært mykje tid for eldsjelane i flyklubben. Etter kvart kom det ein nytt flott fly til Bringeland, og mange fekk den spanande oppgåva med å lære seg å fly det, og få godkjendte papir.
Heldigvis var samarbeid med forsikringsselskapet godt og mesteparten av gjenoppbygginga av hangaren vart gjort av fagfolk. Likevel vart det dugnad i rikelege mengder i løpet av våren og sommaren. Nå står det eit verkeleg flott fly i ein ny hangar. Blankare golv enn i hangaren finnes ikkje i Gaular kommune.
Kor går så vegen vidare for ein flyklubb som egentlig har hatt ganske lav aktivitet dei siste åra, der flytimane pr år har vore ca 150 og medlemsmassen består av meir veteranar enn ferske flyelevar? .
 
Tirsdag 4. oktober vart eit nytt initiativ sett i verk i flyklubben. Fjordane Flyklubb er som dei andre flyklubbane i landet, knytta til Norges Idrettforbund (NIF). Med dette følger det mange fordelar, med anna får vi høve til å være med på gratis klubbutviklingsprosess. Frå Norges Luftsportsfobund (NLF) kom aktivitetskonsulent Tom Brien over frå Østfold for å hjelpe oss i gang med å definere ønsker for framtida.
 
Alt frå heilt ferske medlemmer og til ekte veteranar var samla for å høyre om klubbutvikling og å delta i prosessen. Mange i klubben har lenge grubla på korleis framtida skal bli og korleis ein skulle få meir aktivitetet. Heldigvis har Fjordane Flyklubb jevn tilgang på flyelevar, så rekrutteringa er egentlig ganske god. Likevel har aktivitetsnivået vore lavt, og det har vore få arenaer der ein kunne møte andre i klubben.
 
Aktivitetskonsulent Tom Brien hadde med eit heilt ferdig opplegg for klubbuvikling i kofferten. Dette er eit opplegg som svært mange klubbar og idrettslag og har vore med på dei siste åra. Kvelden begynte med ei inføring i kva samanheng klubben egentlig står i. Vi er medlem i Motorflyseksjonen i Norges Luftsportsforbund (NLF). NLF er i sin tur medlem i NIF og ganske mange internasjonale organisasjonar. Etter å ha plassert Fjordane Flyklubb inn i den store samanhengen, gjekk Brien vidare inn på det å drive ein klubb.
Brien har stor erfaring med klubbutvikling og han besøker kvart år mellom 25 og 35 klubbar. Det var tydeleg for deltakarane at aktivitetskonsulenten var både kunnskapsrik og engasjert. Siste del av klubbkvelden var sett av til å arbeide konkret med framtidsplanar som deltakarane hadde tru på. Prosessen var pedagogisk og demokratisk, og deltakarane vart til slutt einige om to tiltak ein skulle ta med seg vidare i klubben. Brien jobba konkret rundt desse og han gav seg ikkje før det både var sett opp ansvarlege personar og tidsfristar for gjennomføring av tiltaka.
Det var, for deltakarane, svært tydeleg at dei hadde fått være med på eit godt gjennomarbeid opplegg frå forbundet si side. Det var lett å bli engasjert og få trua på at tiltaka kunne gjennomførast av ein helt vanleg klubb på Vestlandet.
Flyklubben fekk på møtet mykje positiv tilbakmelding fra Brien. Han minna medlemmane om at flyklubben er ein av dei verkeleg priviligerte i landet. Det at klubben har stor og flott hangar, klubbhytte med toalett og strøm, eit flott og nesten nytt fly, plassering omtrent på flystripa og fri tilgang til flyplassen heile året var noko som svært mange flyklubbar bare kunne drøyme om. Han peika og på realkompetansen som var i klubben. Medlemmane sit totalt sett med enorm utdanning og kompetanse somk kjem klubben til gode. Det siste var eit moment som klubben lett kunne kjenne seg igjen i, då mykje av kompetansen verkeleg kom til sin rett i det enorme arbeide som har vore lagt ned med innkjøp av det nye flyet og oppbygginga av hangaren.
Prosessen i klubben er så vidt starta, frister er sett og Brien kjem tilbake i første halvdel av 2012. Då vil han ta oss med vidare i utviklinga av Fjordane Flyklubb.

 


Post- og besøksadresse
Møllergata 39
0179 Oslo




Telefon: 23 01 04 50
E-post: post@nlf.no




Organisasjonsnummer: 974 953 552

 

 

Bankkonto:
5002 05 01577

Betaling fra utlandet:
Iban nr. NO4050020501577
Swiftadresse: DNBANOKK