Vi har tatt en prat med Malene, og spurt hvorfor hun søkte på fagsjefstillingen – og hva hun ser for seg blir det viktigste i starten.
«Når eg såg at NLF utlyste fagsjef HPS vart eg umiddelbart interessert i kva som skulle skje, då det har stor betydning for sportane framover. Etter å ha vore dagleg leiar i Voss Hang- og Paragliderklubb i 3,5 år har eg fått mykje praktisk erfaring, fagleg innsikt og elles lært ein hel del. Eg har i den forbindelse hatt mykje kontakt med Trond og fått hjelp til å forstå og råd i ulike saker.
Rolla som fagsjef er utvilsamt eit stort, og til tider tungt ansvar slik eg har sett det. Likevel var det noko som vekte ei interesse hos meg, som eg ikkje kunne la gå. Det grunnar nok i eit ibuande ønske om gjere det eg kan for å bidra til utvikling i sportane. Når eg ser moglegheiter vil eg gjere noko med det. Som dagleg leiar og fagleg leiar på klubbnivå går det mykje tid på å tenke på korleis vi kan gjere aktivitetane tryggare, utdanninga betre og skape kjekkare aktivitet. Alt dette heng jo saman.»
Variert bakgrunn og erfaring fra luftsporten
Malene har en variert bakgrunn fra idrett, ekstremsport og luftsport – som NLF kommer til å nyte godt av.
«No som eg er klar for å overta stillinga som fagsjef i HPS vil eg gjerne dele litt om min bakgrunn og motivasjon slik at fleire kan bli betre kjent med meg. Eg er ei 28 år gammal kvinne som har vakse opp på gardar i Ytre Sogn og Sunnfjord. Eg har ein bachelor i geologi og geofare og har dei siste 3,5 åra vore dagleg leiar i Voss Hang- og Paragliderklubb. Så lenge eg kan hugse har interessene mine vore samansett av idrett, aktivitet og fjell.
Desse interessene vart min inngang til både luftsporten og vidare val av utdanning og karriere. Eg begynte med luftsport ved Voss folkehøgskule i 2017. Det har utvilsomt vore med på å forma meg som menneske og gitt meg nokon fantastiske aktivitetar i form av ulike natursportar som ski, padling, klatring og luftsport. Det å få innblikk i fleire ulike greiner samtidig bygde ei forståing for viktigheita og kompleksiteten av risikovurdering, haldningar og menneskeleg faktor.
Ferdigheiter og kunnskap er meir konkret, og det kan ein tilnærme seg litt enklare om ein er motivert for å lære. Det fascinera meg at det å drive luftsport trygt er både krevjande og samansett, og dermed ekstremt meiningsfylt når ein får det til på ein god måte.»
Aktiv i faget
Hun er fortsatt en aktiv utøver, noe som er en viktig egenskap når man skal være fagsjef.
«Utanom jobb vil eg alltid fly så mykje som mogleg. Det er noko heilt spesielt å kjenne på meistring og progresjon i lufta ilag med gode venner i naturen. Luftsport har dermed blitt til mesteparten av livet mitt. Eg har vore medlem i NLF sidan 2017 gjennom fallskjermhopping, speedriding, paragliding og vindtunnel.
Som utøvar, ved ulike verv og instruktørrollar har eg over dei siste ni åra fått variert erfaring. Speedgliding har alltid vore mi hovudgrein, men dei siste åra har det blitt meir paragliding og parakite i tillegg. Ulike sportar gir meg mykje glede og læring, og det er alltid noko nytt å utforske. Det å vere utøvar samtidig som eg arbeidar administrativt, praktisk og fagleg med forbetring av sportane motivera meg veldig. Då kan eg også oppleve at arbeidet har ei betydning.
I løpet av dei siste åra i jobben min har eg erfart at ein kjem langt med gode intensjonar og innsats. Eg ønsker ofte å forstå samanhengar og sjå dei lengre linjene, og stiller spørsmål for å gjere det betre. Denne stillinga er ei stor, positiv utfordring for meg sjølv og organisasjonen. Å arbeide på eit anna nivå, i eit variert miljø med fleire kollegaer og samarbeidspartnarar bidreg til ny motivasjon for å ta fatt på eit større ansvar og nye utfordringar.»
Utvikling gjennom samarbeid
«Som fagsjef vil eg begynne med å jobbe mot å få best mogleg innsikt og forståing for ansvar og organisasjonen, og gjere det eg kan for at kollegaer og medlemmar kan bli kjent med meg også.
Vidare har eg stor tru på utvikling gjennom samarbeid. Eg har lært mykje gjennom godt og jamt samarbeid mellom klubbar, arbeidsgrupper, ressurspersonar og nivå. Det er så mykje kunnskap og kompetanse på luftsport i Norge som finst i engasjerte pilotar, medlemmar og instruktørar.
Eg gler meg til å bli endå betre kjent med desse miljøa og forsøke å bygge tillit gjennom samhandling og motivere til utvikling og tryggleik ilag med miljøa. Tryggleiksarbeid handlar ikkje berre om reglar og prosedyrar, men om menneske, haldningar, læring og kulturen vi byggjer saman.»
Å ta over stafettpinnen etter Trond, som har vært og fortsatt i et par måneder til er svært viktig for hele forbundet, er ingen enkel oppgave. Derfor er vi svært glade for å få Malene med på laget. Hennes erfaringer og brennende interesse blir en viktig ressurs for seksjonen.
«Eg gler meg til å komme i gang med ny læring, oppgåver og å bli kjent med mange nye menneske og miljø!»
Vi gleder oss til å bli kjent med deg også, Malene!